Kva skjer når den verkelege bølga kjem?

LEIK – LÆR – OPPLEV KREFTENE

Hos oss kan du oppleve og lære meir om blant anna:
– Tafjordulykka frå 1934
– rørslene til “Mannen” i Rauma
– filmen “Bølgen” og fakta bak Åkernes-remna

Du kan lage eigne steinskred og leirskred, forske på bergartar og energi i forskarhjørnet, og skli ned den 20 meter lange rørgata vi har inne på senteret.

Kvar måndag og tysdag: Klatring med instruktør i klatreveggen, kr 50,- pp
Onsdag til søndag i juli: Forteljarteater med maskinist Andersen, kr 40,- pp, eller kr 120,- pr familie

Hos oss finn du små og store opplevingar for heile familien.

Bli med på oppdaging!

Vegen hit

Senteret ligg nede i Tafjordbygda, på venstre side av elva ca 800 meter frå avkøyringa ved brua.

Mat og drikke

På senteret tilbyr vi varm og kald drikke, is, deilig kake, vaflar og “verdens beste kanelsnurra”.
I Tafjord finst det også fleire serveringsstader der ein får kjøpt både lunsj og middag.